Fredag 30.03. i 1. time var alle tilsette samla i mediateket. 6. klasse framførte eit påskespel. Deretter var det utdeling av miljøpris, og trivselsleiarane fekk takk for vel utført arbeid. Til slutt vart vaktmeister Ola Arnestad takka av etter at han no vert pensjonist. Elevane hadde laga flotte kort, og etter teksten på korta og applausen å døme er det ein svært godt likt vaktmeister som no sluttar.
Påska nærmar seg, og tradisjonen tru har skulen fellessamling i mediateket fredag, siste dag før ferien. Det er dei to 6. klassane som har ansvar for påskeprogrammet. I tillegg blir det utdeling av miljøprisen Rusken og Rasken.
Fredag 23. mars var Sandane skule på Utvikfjellet på skitur. Mellom 50 og 60 av dei største elevane boltra seg i skitrekket. Dei andre elevane var på kortare og lengre skiturar med innlagde skiaktivitetar. Veret var flott, skiføret godt og humøret på topp!